Gå til sidens hovedinnhold

Sp meiner alvor i distriktspolitikken

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Vi står framfør eit viktig val: Kven skal styre Norge framover? Og kor sterk (eller halvhjerta) er politikarane sin vilje til å ta heile landet i bruk? Skal vi satse vidare på eit Norge der verdiar kan skapast og gode liv levast i aust og vest, på øyar, i fjordar og inni landet, på både små og store plassar? Eller er alt snakket om «distriktene» når alt kjem til alt berre tomt prat – noko som politikarane nemner fordi dei må, men som ikkje betyr noko reelt eller verkeleg for dei?

Eitt parti tronar suverent på toppen når det gjeld å ha truverde og tillit hos folk i distriktspolitikken. Dette er det gode grunnar til.

Senterpartiet meiner at vi som nasjon bestemmer sjølve korleis Norge skal sjå ut – i dag og i framtida. Vi kan stoppe sentraliseringa og utvikle heile landet viss vi berre prioriterer rett og er villige til å bruke politiske verktøy for å få det til. Det er ingen grunn til at folk ikkje skal kunne bu der dei allereie bur eller ønskjer å bu. Og sett frå hovudstaden er heile Finnmark (og resten av Nord-Norge) «distrikt». Ein offensiv distriktspolitikk gagnar difor ikkje berre dei minste plassane, men òg alle byar og tettstader i nord. Distriktspolitikken er grunnlaget for at Finnmark og Nord-Norge kan vere det attraktive framtidslandet det faktisk er og for at regionen skal kunne utvikle seg på linje med resten av landet.

Sps Nord-Norge-plan legg særleg vekt på arbeidsplassar, god og nær beredskap, fiskeri og næringsutvikling som gir vekst og utvikling lokalt, desentralisert utdanning, helse og ei lang rekke viktige samferdselstiltak. Sp vil endre den statlege finansieringa av kommunar og fylke slik at store avstandar og lågt innbyggjartal ikkje automatisk inneber eit dårleg tenestetilbod. Vi har programfesta at kommunar med distriktsulemper skal kunne inngå bygdevektsavtaler, der staten gir støtte til skreddarsydde næringstiltak tilpassa dei lokale utfordringane. Sp går til val på å senke det samla skatte- og avgiftstrykket for folk med vanlege inntekter, eksempelvis lærarar, sjukepleiarar, sjøfolk, bussjåførar og pendlarar. Vi vil få bukt med dei delane av skatte- og avgiftssystemet som rammar geografisk eller sosialt skeivt og som bidrar til større forskjellar mellom folk.

Finnmark er mangfaldig og rikt – på naturressursar, initiativ, engasjement, samhald, skaparglede, gode liv og – framfor alt – sterke, sjølvstendige menneske med vilje og tru på framtida. Det er dette Finnmark, med alle sine særtrekk og naturlege føretrinn, vi saman skal utvikle vidare. Alle vi som er kvænar, samar, nordmenn – og nye og gamle finnmarkingar med ein annan bakgrunn. Fordi vi bur og lever liva våre lokalt, er kommunen som infrastruktur, tenesteytar og tilretteleggjar så fundamental. Og så må fylket og staten stille opp og gjere sin del slik at livet kan levast til fulle og verdiar framleis skapast også her i nord.

Senterpartiet sin distriktspolitikk er ramme alvor. Og det er no det gjeld.

Godt val!

Kommentarer til denne saken