Samefolkets dag, alias Samenes nasjonaldag den 6. februar, blir i år feira for 30. gong.

Sidan førre feiringa har konsesjonen til vindkraftverk i samiske beiteområde på Fosen blitt dømt ulovlig av Høgsterett, men regjeringa nektar å respektere domen. Samiske reinbeiteområde skal byggast ned, med eller utan lov. På Samefolkets dag kan vi vente nokre store fraser om gratulerer og lihkku beivviin frå ministrane som er ansvarlige for dette overgrepet.

Nokre fraser har allereie kome. I Ságat for 4. februar ønsker ordførar i Hammerfest til lukke med dagen både på norsk og samisk. Sjølv er han ein av dei som har kjempa fram løyve til Nussir ASA si gruve, som vil øydelegge Repparfjorden som fiskefjord og Repparfjordelva som lakseelv og skape store vanskar for to reinbeitedistrikt. Eit inngrep både i sjøsamisk område og reinbeiteområde tvunge gjennom mot eit overveldande fleirtal i Sametinget. Før neste feiring skal store politistyrker utkommanderast til Repparfjorden for å rydde vekk samiske og norske demonstrantar slik at dette overgrepet kan gjennomførast.

I løpet av 2022 kan vi rekne med at norske styresmakter gir konsesjonar til ei rekke nye inngrep i samiske bruksområde, til gruver på Saltfjellet, utviding av Elkem Tana, 3. del av Rákkočearru vindkraftverk, Davvi vindkraftverk, ei rekke andre vind- og vasskraftverk i reinbeiteområde, monsterlinjer til Varanger. Samtidig vil oppdrettsbaronane få stadig fleire løyver til å øydelegge grunnlaget for fjordfisket og busettinga i sjøsamiske område. Dette skjer mot protestar frå samane sitt folkevalde organ, som ein på 6. februar gjerne held ein liten festtale for.

Neste år skal vi få servert rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen, som skal fortelje oss at i gamle dagar, da skjedde det stygge overgrep mot samar og kvænar, men "nu er alt så meget bedre", for å sitere ein nylig avdød statsmann. 3 dagar før feiringa kjem meldinga om ein elev som har fått kjeft av læraren for å snakke samisk på skolen. I 2022. Det er ingen grunn til å bli overraska. Det er heller ingen grunn til å bli overraska over at ein kvar ny skolereform set strevet for å få til ein samisk skole mange steg tilbake.
Samane i Noreg har i dag to slags fiendar. Den eine er den opent fiendtlige, uttrykt blant anna ved den antisamiske organisasjonen med det sterkt misvisande namnet "Etnisk og demokratisk likeverd". Dei opererer i avisene sine debattspalter og i alt som finst av nettstadar der det er mogleg å komme til. Dei hevdar at samane ikkje er urfolk. Dei forsvarar eller fornektar fornorskinga, seier sjøsamane ikkje finst, mens reindriftssamane eigentlig er kvenar. Dei vil ha samisk ut av skolen og reindrifta bort frå viddene. Dei syns det er noko tull at samane skal ha eige flagg og dei gratulerer ikkje med Samefolkets dag.

Dei andre er skumlare. Dei anerkjenner i ord samane som urfolk i Noreg, dei seier reindrifta er ein viktig kulturbærar, dei gratulerer gjerne med Samefolkets dag. Dei seier vi skal sjølvsagt ta omsyn til urfolket vårt som vi alle er så stolte av, men dei må jo også forstå at dei ikkje kan stå i vegen for utviklinga, og særlig ikkje for vår tids nye gud, "det grøne skiftet". Derfor må det byggast ut gruver i reinbeiteområde, dumpast avfall i samiske fiskefjordar, byggast vindturbinar på alle vidder og demmast opp alle elver som demmast kan. Derfor må alle fjordar fyllast med oppdrettsanlegg.

For å dekke over dette kan vi ha eit vakkert sametingsbygg i Karasjok, vi kan ha samiske vegvisarar til å komme i kofte ein gong for året og fortelje elevane om samane ettersom lærarane deira ikkje har grunnlag for å undervise dette sjølv.

Til hjelp for makta sit samepolitiske janusansikt har vi så godt som alt av norskspråklige media, som sørgar for at den samiske røyndomen blir tidd i hel og at makta uimotsagt får fram sitt syn. Media kan hente fram sameflagget ein gong i året, så ein kan teie dei andre dagane. På Stortinget er det visstnok godt å sitte, i alle fall så godt at det ikkje bør forstyrrast med ubehagelige sanningar om den samiske røyndomen anno 2022.

Det er dessverre lite å feire når ein no for 30 gong feirar Samefolkets Dag. Kanskje markeringa ikkje etter mønster av 17.mai skal feire noko ein har, men etter mønster av 1. mai gjøre dagen til ein kampdag. Den sørgelige sanninga er at naturgrunnlaget for samisk kultur i 2022 er under angrep meir enn nokon gong. Ei like sørgelig sanning er at samane for det meste må føre kampen aleine. Som norsk nordmann i Sápmi vil eg på Samefolkets dag etterlyse solidariteten frå norske media, politiske parti og ikkje minst fagrørsla.