Med lov skal land byggjast – og ikkje med ulov øydast

Av
DEL

MeningerRegjeringa vil at Stortinget denne månaden skal vedta den svært djuptgripande Kvotemeldinga i fiskeria. utan å venta på resultatet av Riksrevisjonens gransking av norsk fiskeriforvaltning. Riksrevisjonen treng ennå eit par månader før rapporten er ferdig. Det har kome skarpe reaksjonar på Regjeringa sitt hastverk. I så måte er den politiske prosessen i Storting og Regjering om Kvotemeldinga i fiskeria i ferd med å bli ein katastrofe.

Granskinga kom i gang etter massiv kritikk av Fiskeridepartementet og Direktoratet av di dei i mange år har styrt fiskerinæringa i strid med lovene og utan at Stortinget har gripe inn. Til dømes blei trålfiske, som hadde vore forbode frå 1936 fordi det var sett på som eit rovfiske, innført igjen i 1951. Det skulle vera eit supplement til anna fiske, for å sikra råstoff til heilårsdrift i fiskeindustrien på land. Staten betalte så nærast både båt og bruk for dei som då ville starta med trål.

På den tida var fiske fritt. Men då torsken blei overfiska, blei det innført kvotar. Kvotane vart utlånt gratis frå Direktoratet. Fiskeressursane vart avgrensa, og det blei rift om kvotane. Ein trålreiar som etter ei tid ville slutta, drista seg til å selja båten sin med kvoten han hadde til låns, for x antal millionar. Så, utan at båten var løyst or fortøyninga, kjøpte han båten tilbake, for x antal færre millionar enn han hadde selt han for, men nå utan fiskekvoten. Kjøparen hadde båt sjølv. Han hadde «berre» bruk for kvoten.

Det er vedteke og proklamert at FISKEN ER FOLKETS EIGEDOM. Denne trålreiaren selde altså - og berika seg på - folkets eigedom. Alle veit at ingen har rett til å selja det dei har lånt.

Men staten greip ikkje inn. Og den kjedereaksjonen trålreiaren med dette sette i gang, var fatal.

For etter dette ser det ut for at trålreiarane langt på veg har hatt frie tøylar med kjøp og sal av kvotar. Det har ført til stadig meir fisk på færre og færre hender og på fleire større og større båtar. Dette har smitta over i sjarkflåten; og i dag kan ingen ubemidla ungdom koma inn som sjølvstendig fiskar utan å investera millionar i kvote. Mange kystsamfunn er langt på veg avfolka. Det meiningslause kjøp og sal av fiskekvotar, altså kjøp og sal av det norske folks eigedom, har også fordyra fisken kolossalt for oss alle.

Regjeringa legg nå opp til at havflåten/trålflåten, som berre var tenkt som eit supplement til kystfiskeflåten, skal få behalda ein «heilag» rett til opp mot 50 posent av den norske fisken.

Dette er uansett ei meiningslaus fordeling mellom hav og kyst. Dessutan er trålfiske ein svært dyr og lite miljøvennlig måte å fanga fisk på. Sjarken brukar berre 1/5 så mykje diesel per kg fanga fisk som det trålaren gjer. Og samanlikna med trålaren, treng sjarken berre 1/5 så mykje fisk per arbeidsplass for å vera lønnsam. Det står såleis også om tusenvis av arbeidsplassar og levande lokalsamfunn.

Havressursloven gir heimel for å styra kapasiteten i fiskeflåten. Men denne styringa har hovudsakleg vore overlatt til trålflåten.Nå må staten ta tilbake styringa med fiskeressursane og låna ut kvotane gratis (som eit drosjeløyve). Betre kan det ikkje gjerast for eigarane, det norske folk. Dette vil kosta, men lite mot å la det skura til evig tid. Me har Oljefondet. Det kan neppe betre brukast.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags