Liv og lære i Hammerfest kommune

Av
DEL

MeningerFint med paneldebatt på biblioteket i forkant av valet! Siste gongen var det Næringsforeininga som inviterte, og naturlegvis var det næring dvs. ordførarkandidatane si innstilling til næringa som bl.a. sto i fokus. Som i fyrste debatten 12.august vart det så frå fleire hald nemnd at rekruttering av kompetent fagfolk og Gründerverksemda skal støttast. Alle var vel òg samde om at det skal leggjast til rette for bruk av lokale næringsdrivande, både nye og allereie eksisterande. KrF og Framstegspartiet poengterte dette for sin agenda framover, og Arbeiderpartiet reklamerte med allereie å ha etablert tiltak i administrasjonen for at kommunale oppdrag skal finne sin veg til bedriftene i nærområdet. Ut frå denne allsidig positive informasjonen burde Hammerfest med dette vere den perfekte plassen å starte/ drive næring, med venleg hjelp frå kommunen si side. Men er det slik? Her ei kort fortelling frå verkelegheita:

Etter fleire års erfaring som arkitekt i Finnmark har forfattaren av dette innlegget starta firmaet ARKHAUS sentralt i Hammerfest, som byens einaste arkitektkontor. Kundane er stort sett privatpersonar og næringslivet, men grunna vår erfaring bl.a. med offentlege bygg kjem det av og til òg førespurnadar om arkitekthjelp frå ulike kommunar i Finnmark - unnteke Hammerfest. Etter det gjekk fleire år med total ignoranse av det unike tilbodet på å kjøpe forskjellige arkitektteneste frå ein lokal bedrift prøvde eg difor sjølv å kome i kontakt med dei ansvarlege i kommunen for innkjøp av eksterne teneste. Presentasjon av Arkhaus sine kompetanseområder starta i (den denne gongen ny etablerte) byggjeavdelinga. Ansvarlege i denne etaten synte seg likevel lite imponert, og gav tydeleg uttrykk for at det er han som vel samarbeidspartnarane etter eiga smak ("Eg plukkar her og eg plukkar der"). Denne fyrste kontakten var altså lite lovande, og skulle syne seg å vere ein peikepinn for åra framover: Oppdraget på ombygging av det akitektonisk verdifulle Menighetshuset i Meridiangata gjekk til eit ordinært ingeniørbyrå, sjølv om vårt kontor leverte eit lågare tilbod. Prosjektering av Montenegro Bo- og Lavterskelsenter i Idrettsveien vart gjennomført av eit kontor i Alta - utan å overhovud vart førespurt om å kome med tilbod. Det same gjeld for omprosjekteringa av den gamle skulen på Baksalen til barnehage, som eit arkitektkontor i Oslo fekk direkte oppdrag på. Dette for å nemne nokre få av mange prosjekt med ein verdi på under 1.100.000 kr, som kommunen kan tildele direkte utan å måtte lyse ut oppdraget gjennom Doffin (nasjonal kunngjøringsdatabase for offentlege anskaffelser), og dermed stod fritt til å tildele lokalt.

Dei siste lokala som vårt kontor prosjekterte for Hammerfest kommune var Nye Allmed Legesenter. Ironisk nok var dette eit oppdrag frå ein privat næringsdrivande. Bortsett frå dette prosjektet har kontoret fått 1 (!) oppdrag i laupet av dei siste 9 åra. Alta og Oslo ligg som kjent ikkje i Hammerfest kommune, og det å prioritere bedrifter frå andre kantar av landet fører til dobbel skade: For det fyrste vil den lokale tilbydaren miste ei potensiell inntektskjelde for å styrke sin posisjon, for det andre vil kommunen miste den tilsvarande meirverdiavgifta for desse oppdraga. Dette er rett og slett dårleg forretning (for alle).

Med denne informasjonen gjekk eg så vidare til neste instans, full av von om at nokon ville ta tak i saka og syrgje for at kommunen si uttalte innstilling til bruk av lokale bedrifter skal trengje gjennom til siste arministrative ledd. Men dåverande innkjøpsansvarlege kunne ikkje registrere vårt kontor som potensiell leverandør for kommunen heller, og råda til å ta direkte kontakt til den ansvarlege (byggje)etaten.

Ved neste besøk trefte eg ein glad næringssjef, som med stoltheit kunne informere om at heile 80% av alle oppdraga som Hammerfest kommune delar ut går til lokale næringsdrivande - og at det ville vere best å ta opp denne spesielle saka med den ansvarlege (byggje)avdelinga. Rådmannen tok seg til og med ein heil time for å høyre om mi erfaring, og lovde å kome med eit uttømmande svar på klagen. Denne har eg no venta på i snart 5 år.

For å vere tydeleg: Her skal det ikkje reklamerast for blind aksjonisme ved å dele ut oppdrag utan kvalitetssjekk til alle som betaler skatt til Hammerfest kommune. Men ALLE næringsdrivande som betaler skatt til Hammerfest kommune skulle i det minste få sjanse til å gjeve tilbod på kommunale oppdraga (og sjølvsagt få dei når tilbodet er godt/best). Men slik er det diverre ikkje ut frå min synsvinkel som dagler leiar i ein godt etablert bedrift i hjartet av byen. Med blikk på kvalitetssikring i det kommunale systemet er dette berre trist.

Avsluttingsvis skal det nemnast at noverande varaordførar og ordførarkandidat heller ikkje kunne hjelpe til i denne saka. Ho rådde denne gongen til å ta kontakt til rådmannen... Uansett kjennast dei tette sambanda gjennom dei ulike kommunale institusjonane urovekkande ugjennomsiktig ut, og det hadde vore fint å spørje dei andre kandidatane om kommentar og eit løysingsforslag for dette problemet. Diverre var det avsatt lite tid til spørsmål frå publikum under paneldebatten, men det er sjølvsagt mogeleg å kome med respons etterskotsvis, takk! Ved interesse er det lett å finne meg: då er det berre kome innom byens einaste arkitektkontor. Velkommen!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags