Gå til sidens hovedinnhold

Ja til kval, men nei til marknadsføring

«Vi må løfte fram kvalen. Vi må få opp konsumet». Den eine etter den andre sjømatminister har stått i kø dei siste åra. Kvifor blir det berre med praten?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Dei skal sjølvsagt ha ros. Dei skal ha skryt. Det er svært flott at norske politikarar løfter fram kvalnæringa. Det trengst i høgste grad. Når me veit at det blir stadig fleire kval i havet (Kilde: Havforskningsinsituttet) og at det stadig snakkast om at vi må ete meir klimavennlig, er kval fabelaktig. Sunt, godt og ikkje minst bærekraftig.

Difor er det svært bra at ministrar frå regjeringa dei siste åtte åra har snakka det fram. Nærings- og fiskeridepartementet har og bladd opp til mindre kampanjar slik at vi Merkevareforeningen Norsk Kvals nettsider og sosiale kanalar har hatt høve til litt marknadsføring. Men, når ein veit kva marknadskrefter som rår, blir våre tiltak som musepiss i Varangerfjorden. Skal du nå ut i Noreg, må ein trå til.

Vi bruker årleg millionar av statlege kroner på å fortelje folk at dei skal ete meir kjøt. (Les: Matprat). Samtidig seiar dei fleste politikarar at vi må ete mindre, fordi forskingsmiljø over heile verda peiker på havet. Det er altså dei same politikarane som gjev pengar til det dei sjølv meiner vi må redusere. Forstå det den som kan.

Det sunne kjøtet, alternativet frå havet derimot, det skal vi helst berre fangste og oppmode dagligvarebransjen til å ta det inn. Er det no det er lov å rope heia Noreg?

Sjømat har i over 30 år hatt sitt eige opplysningskontor. Eit kontor som har marknadsført sjøamt til dei fleste land i verda. Dei siste 20 har dei og gjort ei rekkje kampanjar her til lands. Både Fiskesprell, 3 i uka og Godfisk har gjeve nordmenn god kunnskap om sjømat. Gledeleg er det og at dei siste undersøkingane tyder på at fleire fattar interesse for sjømat. Kval derimot, hysj, for all del. Det må det kviskrast om at vi driv på med.

Det har seg nemleg slik at politikarane ikkje vil endre på at vi som arbeider for kvalfangsten skal kunne bruke ekspertisen i Norges Sjømatråd. Kvifor?

Noreg får masse e-poster og det er framleis motstand mot kvalfangst i særleg grad utanlands. Staten kan altså bestemme at vi skal drive kvalfangst. Den kan og gjeve nokre få kroner, men at Norges Sjømatråd som også ligg under kontroll av staten, har ikkje lov å fortelje oss at kval er sunt og bra. Eg ropar nok ein gong heia Noreg!

Det er på tide å endre haldningar. Der på tide å tenkje annleis. Vi merker at kvalfangsten har vind i segla om dagen. Ikkje på fleire tiår har det vore fangsta så bra så tidleg i sesongen. I fjor blei det fangsta for lite kval.

Likevel, vi treng løftet. Vi treng at noko skjer. Vi må saman løfte fram vårt sunne kjøt. Det smakar heise godt. No i varmen er det då ei retteleg delikatesse også på grillen.

Kommentarer til denne saken