«Historias dom over det største miljøforræderiet vil ikkje bli nådig»

INGEN SKAM Å SNU: Innsenderen ber Venstre protestere mot oppstarten av Nussir i Kvalsund.

INGEN SKAM Å SNU: Innsenderen ber Venstre protestere mot oppstarten av Nussir i Kvalsund. Foto:

Av

Er dette miljøpartiet Venstre sitt siste sukk?, spør innsenderen.

DEL

MeningerEtter alt å dømme vil regjeringa, alias Kongen i Statsråd, straks over sommarferien gjøre eit samrøystes vedtak om å avvise klagene frå Naturvernforbundet og Sametinget på driftskonsesjonen til Nussir ASA si koppargruve med dumping av gruveavgang i Repparfjorden. Dette vil vere den endelige spikeren i kista til miljøpartiet Venstre.For få år sidan forsikra både noverande miljøminister Elvestuen og noverande kulturminister Grande, at dei aldri skulle gi opp kampen mot gruvedumping i Repparfjorden og Førdefjorden.

No sel dei saka for eit par taburettar. Å få sitte eit par år ved Kongens bord er så viktig at det er verdt å ofre både naturen og eige parti for det. Vedtaket om endelig konsesjon til Nussir blir ikkje bare ei godkjenning av utslepp av mange millionar tonn gruveavgang i ein nasjonal laksefjord eller løyve til gruveetablering i reindrifta sitt beite- og flytteland, det er eit klarsignal til vidare fjorddumping og vidare inngrep i natur og reinbeiteområde. Det er ei melding om at verken lovfesta samiske rettar eller naturmangfoldlova gjeld lenger.

For 40 år sidan pågikk den største miljøkampen i norsk historie, om utbygginga av Guovdageaidnu-Alta-vassdraget. Minst tre av dei fremste i Folkeaksjonen var medlemmar av Venstre og partiet røysta konsekvent mot utbygginga i Stortinget. Seinare har Venstre-folk hatt ei rekke framtredande verv i miljøorganisasjonar, bl.a. fylkesleiarar i Naturvernforbundet.

I heimkommunen min har Venstre bl.a. i kommunestyret vore blant dei fremste forsvararane av naturen mot utbyggingsinteresser. Venstre har vore eit miljøparti.I desse dagar sender regjeringa, utan eit knyst til protest frå Venstre, politi for å slå ned demonstrasjonane mot vindkraftutbygging på Frøya. Dette er bare ein av mange kampar som kjem over heile landet, overalt der naturen skal raserast for å selje straum til tyske investorar. Venstre har vald side. Landsforræderi kan i Noreg blir straffa med strengaste straff i lova.

Historias dom over det største miljøforræderiet vil heller ikkje bli nådig. Det er enno tid å følge fjellregelen om at det ikkje er skam å snu. Men no hastar det før det bærer rett ut for stupet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags