I eit innlegg i fleire aviser tar Høgres fylkestingsrepresentant Cecilie Mathisen opp utdanningstilbodet i vidaregåande skole i Troms og Finnmark. Mathisen er kritisk til at opplæringstilbodet blir justert kvar vår, og ho meiner fylkeskommunen må gå gjennom tilbodsstrukturen for å tilpasse behova i samfunnet. Nokre justeringar vil det vera behov for å gjere kvart år, og det er noko alle fylka i landet er gjennom i tida mellom søknadsfristen 1. mars og sommarferien. Vi arbeider kontinuerleg med å tilpasse tilboda til behova i arbeids- og næringslivet. Troms og Finnmark har vore best i landet to år på rad til å få elevar ut i lære – ja, til og med betre enn fylkar som har lærlinggaranti! Det tyder ikkje på at tilbodsstrukturen er feil sett saman. Sjølvsagt er det alltid rom for forbetringar, men Mathisen teiknar eit bilete som ikkje finst.

Så kva er det eigentleg Høgre vil?

For å sikre opplæringstilbod i det spredt busette Troms og Finnmark, har vi ein desentralisert skole- og tilbodsstruktur. Samtidig må vi både drifte med dei pengane vi har, og vi må sikre at tilboda vi startar opp er fagleg og sosialt forsvarleg. Med få folk blir også marginane mindre, og det gjer det noko mindre føreseieleg enn med få store skolar med mange parallellar. Når befolkningsutviklinga og elevtala stagnerar eller går nedover, får det sjølvsagt også betydning for kor mange klassar og tilbod vi klarar å oppretthalde. Erna Solbergs regjeringar har ikkje ført til folketalsvekst her i nord.

Alle fylka må justere opplæringstilbodet og klassar opp eller ned kvart år på grunnlag av søkartala. Ungdomskulla svingar frå eitt år til eit anna, og det går verken an å bruke pengar på tomme klassar eller å lat vera å utvide når søkartala tilseier det. Elevane har krav på å få eitt av tre ønske innfridd, og for å få auka gjennomføring er det viktig å ikkje presse ungdom inn på utdanningsløp dei ikkje er motivert for eller har føresetnad for å gjennomføre.

Samtidig lytter vi til både partane i arbeidslivet, kommunar, opplæringskontor og lærebedrifter, kompetanseforum Arktis, med fleire, når vi dimensjonerer opplæringstilbodet vårt. I juni 2021 hadde vi ein heildags konferanse med eit mangfald av aktørar til stades, nettopp for å få ei gjennomgang av opplæringstilbodet. Dette arbeidet vart til slutt lagt fram for fylkestinget i desember 2021.

Korleis vil Høgre ta vare på tilboda i distrikta i Troms og Finnmark? Vi har mykje distrikt i vårt fylke. Vil Høgre legge ned skolar? Er det storstilt sentralisering som skal sikre eit meir føreseieleg tilbod?

Fylkesrådet vil satse på nærskolar og eit desentralisert tilbod som er så breitt som mogleg. Vi treng arbeidskraft og kompetanse til det mangslungne arbeidslivet vi har i heile vårt fylke. Med eit stortingsfleirtal som også vil snu befolkningsutviklinga, ligg forholda enno betre til rette for å lykkast.