Ein biskops diplomatiske signal?

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Primo november melde Nrk Troms og Finnmark at biskopen i Nord-Hålogaland, Olav Øygard, hadde fråteke soknepresten i Kautokeino undervisningsansvaret for konfirmantane på bakgrunn av preika under ei konfirmasjonsgudsteneste i Maze kyrkje på seinsommaren. Grunna koronasituasjonen vart gudstenesta streama, og dermed fekk etterkvart lyttarar over det ganske land både høyra og reagera på det som vart sagt. Slik eg har forstått det via media, er det også fyrst og fremst folkets reaksjon biskopen har teke konsekvensen av. Sokneprestens applisering av dei ti boda på vår tid, med mellom anna omtale av abort, ekteskapslovgjeving og kjønnsskifte har vorte for sterk kost. Biskopen meiner visst dessutan at preika kunne opplevast ubehageleg for unge i utvikling.

Etter å ha lese sokneprest Bjarne Gustad si preike på nett, synest eg biskopen har opptrådd unødvendig restriktivt i dette tilfellet, sjølv om eg ser innvendingane hans. Han understrekar jo at sokneprestens standpunkt er fullt ut akseptabelt ut frå kristen etikk. At dei fleste reaksjonane kjem utanfrå sokneprestens ansvarsområde, burde i tillegg vera til hans fordel.

Ankepunktet er, til ei viss grad forståeleg, sokneprestens bastante standpunkt i den feststemte forsamlinga.

Men å ta frå soknepresten undervisningsansvaret på dette grunnlaget, meiner eg er feil. Ikkje minst med bakgrunn i den splittinga i syn Den norske kyrkja har sagt ja til å leva med når det gjeld samkjønna vigsel! Biskopens grep ser eg dermed meir som eit diplomatisk signal for å syna at han ikkje har overhøyrt reaksjonane.

Når dette er sagt, kan soknepresten sjølvsagt framleis fritt og frimodig forkynna og læra til både unge og eldre frå preikestolane i Kautokeino sitt «fullt ut akseptable standpunkt». Kyrkja inkluderer alle, men ikkje alt!


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken