Noko nytt frå panelet i Hammerfest?

Av
DEL

LeserbrevMåndag 12. august inviterte iFinnmark til paneldebatt på biblioteket i forkant av kommunevalet, og då fekk me høyre om ordførarkandidatane sine synspunkt bl.a. på prosjektet "RV94 Hammerfest Sentrum", som inkluderer tunellen gjennom Salen. Men vart me klokare når det gjeld kandidatane sine idear for handsaming av dei kjente problema? Eg for min del kan diverre ikkje svare JA utan atterhald - men mogelegvis har eg ikkje fått med meg alt (frå min skuggeplass rett bak kameraet)? Difor skal eg prøve å oppsummere essensen av det som har festa seg i mitt hovud, og er samtidig spent på om andre har oppdaga noko meir solrikt...

Kva er så problema? Fyrst og fremst prislappen på det gigantiske borholet, antar eg. På denne står eit like så gigantisk tal. Dette vart ikkje nemnd i diskusjonen, og debattleiaren gjekk vel ut frå at størrelsen på dette er kjend for alle oppmøtte. Dette er eg usikker på, og difor skal det nemnast her: kr 140.000.000. Med blikk på gjelda på kr 260.000.000 som byen allereie har per i dag og planlagte investeringar i offentlege bygg (ny svømmehall, nye skuler, mm.) og velferd spesielt for eldre, som alle i panelet stort sett var samde om, er det forståeleg at temaet kom på bordet.

Spørsmålet til kandidatane i dette sambandet var todelt: Fyrst vart det spurt etter strategien for finansiering av kostnaden utan å drive inn bompengar. Svara kjentest ut til å vere lett å forstå, men samtidig litt einsarta... Ut frå alt eg fekk med meg var kandidatane (i alle fall dei som er imot bompengefinansiering) samde om at det er staten som bør ta heile fakturaen, og at politikarane skulle stå samla for å presse på kvar sin kontaktperson i Stortinget for å få dette gjennom. Det er godt å vite at våre lokale representantar har slike gode lenkjer til hovudstaden, men er slik trommevirvel tillitsvekkende nok for å setje kryss ved det tilsvarande namnet/partiet? Eller er slike lovnader ikkje berre eit ekko av den store nasjonale bompengediskusjonen som har gått gjennom nyheita i alt for lang tid? Ein titt på den gjeldande Nasjonale Transportplanen kan eventuelt hjelpe litt for å kjøle denne diskusjonen ned til normaltemperaturen. I denne står det enkelt og greitt at delfinansieringa gjennom staten er "betinget av at det blir tilslutning til delvis bompengefinansiert utbygging av prosjektet gjennom den planlagte bypakken for Hammerfest.". Eg kan ikkje hugse at andre kommunar som må handtere liknande vilkår har sleppt unna krava i det siste, og ser heller ikkje noko god grunn for at Hammerfest skal vere eit unntak. Difor er det på tide å akseptere verkelegheita og bruke tida for å diskutere ting som faktisk står til disposisjon.

Men kanskje ville del to av spørsmålet gjeve meir tilfredsstillande svar? Her vart det spurt som byggjekostnaden for tunellen kunne vere for høg i høve til byskalaen og det forventa utbyttet? Ørene mine prøvde å lure seg forbi kameraet for å høyre alle dei gode tankane kring denne tilsynelatande diskrepansen - men bortsett frå éit enkelt og elles ikkje meir kommentert JA frå høgre sida kom det rett og slett ikkje meir konkret respons før diskusjonen svinga attende til bompengarsaka... Mitt utbytte av svara om spørsmålet kring framtida av RV94 var i alle fall lik null.

Kva skal eg gjere med dette? Min konklusjon som lokal arkitekt og byplanleggjar er diverre nøktern, og eg kan no som før ikkje sjå at dei som ynskjer å leie byen i åra framover har ein forståeleg og konkret strategi for å ta godt tak i dei aktuelle trafikkutfordringene for byen. Den overordna grønne strategien om å svare på alle (framtidige) spørsmål med omsyn til berekraft er med blikk på den faktiske globale klimakrisa eit riktig utgangspunkt, men her mangla òg detaljerte forslag til alternative tiltak. Her rådast det til å reise til Oslo, Tromsø eller Alta og studere tiltaka som vart gjort for å få biltrafikken ut av bykjernen og samtidig skaffe nytt liv i senturm. Når dette er sagt skal det nok ein gong minnast på at det finst andre løysingar òg for Hammerfest å få trafikken bort frå sentrum enn å byggje tunell (som forresten ingen i kommunen veit om vil føre til nettopp det!), og som etter all erfaring er ein god del rimelegare: Byggje bru.

Avsluttingsvis eit innspel til spørsmålslista for neste paneldebatt: Kvifor har kommunen ikkje gjort noko detaljert utgreiing av alternative løysingar til tunnelen då dette temaet vart diskutert for 10 år sidan? Kan det i høve til notidas situasjon og utfordringer vere aktuelt å setje i gong eit forprosjekt for å finne ut om det finst betre alternativ? For oss i dag og ikkje minst for komande generasjonar. Her skal det minnast på ein enkel og særs effektiv strategi for å forminske ein kostnad, heilt uavhengig av Nasjonale Transportplanar og støttespelarar i Stortinget: tilpasse prosjektet til realiteten og forminske ressursbruken!


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags