Framtidas arbeidsfolk skal få eit godt fagskoletilbod, også i Honningsvåg

Av
DEL

MeningerFylkesrådet i Troms og Finnmark vil styrke fagskolane og sikre eit breitt og desentralisert fagskoletilbod med fleire studieplassar. Den administrative samanslåinga av fagskolane er ein del av denne satsinga. Studietilbodet i Nordkapp skal på sikt kunne bli styrka, ikkje leggast ned. Samordninga er på inga måte ei nedlegging.

Den siste veka har det vore fleire lesarinnlegg som uttrykker uro for framtida til fagskolen, særleg i Nordkapp. Dette kjem etter at fylkesrådet har gått inn for ei samanslåing av fagskolane i Troms og Finnmark.

At ordet samanslåing ikkje kling godt i Troms og Finnmark forstår eg godt. Eg er sjølv sterk motstandar av tvangssamanslåinga av fylka, og SV gikk til val på å dele fylka så snart det går an. Fylkestinget har også bedt fylkesrådet om å søke om å bli delt. Mange er derfor overraska over at SV og det raudgrøne fylkesrådet kan gå inn for ei samordning av

Fagskolane i Troms og Finnmark. Det kan eg også forstå.
Samtidig som vi ønsker å ha to fylkeskommunar, ønsker vi òg eit godt samarbeid. Fagskolane er eit område der vi kan oppnå forbetring gjennom samarbeid. Ei felles fagskole skal kunne bli drive vidare i fellesskap også etter at Troms og Finnmark blir delt opp.

Eg vil her forsøke å rydde opp i nokre misforståingar som har komme til uttrykk den siste tida.

Det viktigaste først: Dette er ikkje ei sentralisering, det er ikkje ei nedbygging, og det er slett ikkje ei nedlegging. Ingen av fagskolane skal leggast ned, og dei skal sikrast ei drift minimum på dagens nivå. Målet er å styrke alle fagskolane, også Nordkapp, med denne samanslåinga. Framtidas arbeidsliv treng eit mangfald av kompetanse. Fagskolane har ei viktig rolle i å få på plass denne kompetansen, overalt i heile regionen.

Den løysinga som fylkesrådet har innstilt på, er eit av to forslag som arbeidsgruppa for fagskolane har foreslått. Arbeidsgruppa har hatt ei brei samansetting, med jamn fordeling mellom Troms og Finnmark. Fagforeiningane har vore med i arbeidsgruppa, og har sjølv vald sine representantar.

Samordninga vil i første rekke bety ein felles rektor, og eit felles styre. Styret skal vera breitt geografisk samansett. Administrasjonen skal vera desentralisert, delt mellom Troms og Finnmark. Utforminga av fagskolane skal skje i fellesskap. Fylkesrådet skal sette ned eit interimstyre som skal utarbeide organisering, vedtekter, med meir, og som fylkesråd vil eg følgje prosessen nøye.

Det er også sånn at finansieringa av fagskolane i Norge «belønner» dei fagskolane som har mange studentar. For vidare utvikling av fagskolane er det derfor sånn at størrelsen tel. Ei felles fagskole vil gjere det mogleg å fordele elevane mellom dei forskjellige studiestadene, det kan vi ikkje gjere mellom sjølvstendige fagskoler i dag.

Samordninga av fagskolane er altså eit tiltak for å ivareta og utvikle alle skolestadane. Vår ambisjon er å auke aktiviteten.
I ein pressa økonomisk situasjon for fylkeskommunen, er dette den beste måten å sikre fagskolane på. Det er derfor vi slår dei saman. Ikkje for å kutte ned, men for å sikre, styrke og utvikle.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags