Fleirspråkleg framtid

FLERSPRÅKLEGE NAVN: Norsk Målungdom oppmodar kommunar i fleirspråklege område til å vedta kommunenamn på nordsamisk og kvensk.

FLERSPRÅKLEGE NAVN: Norsk Målungdom oppmodar kommunar i fleirspråklege område til å vedta kommunenamn på nordsamisk og kvensk. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.I fortida har Noreg vore eit fleirspråkleg land, og nordsamisk og kvensk har vore brukt side om side i Finnmark og Troms. Norsk Målungdom meiner det språklege mangfaldet er ein rikdom og noko å vere stolt av, og difor skipar vi til kampanjen Fleirspråkleg framtid. Vi oppmodar kommunar i fleirspråklege område til å syne fram språkmangfaldet ved å vedta kommunenamn på nordsamisk og kvensk. Slik kan dei ta ansvar for å styrke minoritetsspråka, og for ei fleirspråkleg framtid.

Fornorskingsprosessen har mange stader svekt språkmangfaldet kraftig, og gjeve djupe sår. Etterverknadane av denne fælslege politikken ser vi framleis: Samisk og kvensk er mykje mindre brukt, språkbrukarane mista ein viktig del av den kulturelle historia deira, og det er knytt mykje skam til det samiske og kvenske. Ein måte å bøte på dette, er å vedta namn på samisk og kvensk. Kommunen syner at dei tek den språklege identiteten i området på alvor, og fremjer språkleg toleranse.

Når både det norske, det samiske og det kvenske namnet på kummunen er synleg, vil namna på sikt verte like kvardagslege for alle som bur i kommunen. Det er nett ei slik normalisering og aksept språka treng. Det vil gjere fordommane færre, og gjere det lettare å vere den som brukar det mindre brukte språket. Det vil gange både samiskspråklege, kvenskspråklege, dei som gjerne skulle ha vore samisk- eller kvenskspråklege, og majoritetsspråklege, som blir betre kjent med mangfaldet på heimstaden sin.

Gjennom å få fram at det er fleire enn eitt språk i Noreg vil det òg minke fordommane til andre mindre brukte språk, som nynorsk og nyare minoritetsspråk.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken