Naturforvaltning som fornorsking

Av
DEL

LeserbrevSanningskommisjonen om fornorskinga av samar og kvenar har starta arbeidet sitt. Kva sanning skal denne kommisjonen finne? Eit oppgjør med fornorskinga kan ikkje bare sjå på skole og kyrkje, men må og ta for seg helsestell, jordbruk, fiske, reindrift og naturforvaltning, i fortid og notid.

Fornorskinga av dei samiske primærnæringene har skjedd ved at folk har blitt pressa ut av desse og ved at regelverk og støtteordningar har tvunge gjennom driftsformer i strid med samisk tradisjon. Fiskarbønder måtte vike for spesialisering. Reindrifta blei styrt til einsidig kjøttproduksjon og den samiske siidaordninga blei erstatta med reinbeitedistrikt, driftsenhet og fellesbeite. Flokkstrukturering blei påtvunge i strid med samisk tradisjon og fellesskapet mellom reindriftssamar og fastbuande oppløyst gjennom forbod mot sytingsrein.

Samtidig har forvatninga hatt til oppgåve å legge til rette for andre sin bruk av samane sine bruksområde, først gjennom jordbrukskolonisering, seinare kraftutbygging, mineralutvinning, fiskeoppdrett og reine fritidsinteresser som turløyper, hytter, rypejakt og sportsfiske. Det har variert om fornorsking har vore eit uttalt mål, men uansett har samisk naturbruk og kultur blitt den tapande part. Når samar blir pressa ut av næringane, går ikkje bare levebrødet tapt, men også kunnskapar og tradisjonar. Reindrifta kan kanskje få ei pengeerstatning for tap av inntekt. Fjordfiskarar og utmarksbrukarar i innlandet vil ikkje ein gong få det, fordi det ikkje er anerkjent at dei har noko rettar til området dei brukar. Tap av språk, kultur og natur kan ikkje erstattast.

At dette er ei fornorsking er lettast å sjå i forhold til reindrifta, der utøvarane enno er samisktalande og synlige kulturbærarar. Like lett er det ikkje å sjå fornorskinga i sjøsamiske område, når næringsgrunnlaget for fjordfisket forsvinn gjennom rovfiske og oppdrett. Her gikk samisk språk ofte ut av bruk for ein generasjon eller to sidan, og sjøsamar blir ofte sett på som norske, sjølv om det enno finst ein samisk kulturrest igjen å fornorske, og mange ønsker å ta det tapte samiske tilbake.

Kultur og levesett var, og er i stor grad enno, uløyselig knytta til naturen. Det kjem fram i tittelen på Samerettsutvalet si innstilling av 1997: Naturgrunnlaget for samisk kultur. Angrep på naturgrunnlaget blir da også angrep på samisk kultur.

Norsk lovverk og naturforvaltning bygger på bare to kategoriar av naturbruk: næringsdrift og friluftsliv. Da finn ein ikkje plass til samisk utmarksbruk, eller meahcásteapmi. Det bidrar til at denne tapar mot både naturinngrep og friluftsinteresser.

Meahcásteapmi omfattar all utnytting av utmarka til jakt, fiske, bærplukking, vedhogst, hausting av sennegras, planter til mat, drikke og medisin, samt materialer til duodji (husflid). Mens friluftsliv betyr å gå i naturen som rekreasjon, og fiske og jakte for opplevinga og spenninga, er målet for meahcásteapmi å sanke eller fange noko ein kan ha med heim.

Ei undersøking i Guovdageaidnu syner at eit stort fleirtal av befolkninga der utnyttar utmarka til eit eller fleire haustingsformål, sjølv om dei færraste hadde ei pengeinntekt som kvalifiserte til anerkjenning som næring etter statlige krav. Motorferdselslova krev nemlig over 50000 kr. registrert næringsinntekt for å få kjøre med båt og garn til eit fiskevatn.

Når kategorien meahcástepmi ikkje finst i norsk naturforvaltning, fell han mellom to stolar. og lokalbefolkning blir reduserte til turistar i eigne område. Norsk lovverk og norsk forvaltning anerkjenner ikkje sambandet mellom natur og samisk kultur, og hindrar dermed vidareføringa av denne kulturen. Dette såg vi i samband med planane om etablering av verneområde på Finnmarksvidda. Så lenge planane ikkje tok omsyn til den lokale bruken, sa alle lokale organ nei. Resultatet blei det full skjæring og null vern.

Eit anna samisk omgrep som er fråverande i norsk naturforvaltning er gullevašvuohta, på norsk tilhørigheit. Det betyr at folk har tilknytning til området dei har brukt frå barndomen av og slekta har brukt i generasjonar. Dette gjeld sjølv om sentralisering har ført mange bort frå desse områda til daglig. Nylig har rettsvesenet slått fast at den som har flytta bort har tapt sin rett.

Har Samerettsutvalet sine ord Naturgrunnlaget for samisk kultur vore retningslinja for naturforvaltninga i dei 21 åra som har gått? Eller er det faktisk slik at fornorskinga held fram gjennom at naturforvaltninga undergrev grunnlaget for kulturen?

Forvaltninga av naturen i Finnmark er bygd på Staten sin påståtte eigedomsrett til utmarka. Som eigar kunne staten selge jord og frå 1902 til 1966 sa lova at jord bare skulle selgast til norsktalande. Staten kunne regulere kven som skulle få hauste kva og når, ofte i strid med tradisjonell bruk, sette inn oppsyn og opprette verneområde.

Fornorskinga blei etter kvart blei oppgitt innafor språk- og skolepolitikken, men ikkje innafor naturforvaltninga. Med Finnmarkslova av 2005 blei det formelt ei endring, men reelt er situasjonen heller blitt dårligare sett frå lokal utmarksbruk. Finnmarkseiendommen er, liksom Statskog i andre delar av landet, ein pådrivar for naturinngrep som vindkraft og gruver, og bygger sine påstandar om eigedomsrett til all utmark nettopp på staten sin sjølvtekt av 1863.

Naturmangfoldlova gir i prinsippet plass for omsyn til samisk kultur og tradisjonskunnskap. Samiske interessene vann fram i dei allmenne formuleringane, men tapte når det kom til det konkrete. Sametinget foreslo å ta i bruk vernekategorien "Verna bruksområde", men det ville ikkje styresmaktene. Direktoratet har derimot åtvara mot å ta inn omsyn til samisk kultur i retningslinjene for verneområde.

Mens jakt- og fiskerettar i resten av landet i stor grad har hørt til private eller allmenningar, så har staten si sjølvtekt som grunneigar i Finnmark gitt eit system der folk frå heile landet og utlandet med kan komme hit å jakte og fiske.

Lokal tradisjonell bruk av utmarka var hovudargumentet for at i Finnmark fikk kommunane opprette barmarksløyper. Men dei opne løypene er opne for alle, og turistar kan lovlig kjøre milevis innover vidda. Slik blir reglar som skal vere innført av omsyn til lokalt naturbruk til eit trugsmål mot dette formålet.

Trass fine ord manglar det enno mye på at lovverk og forvaltning sikrar at fornorskingsprosessen blir stoppa. Naturforvaltninga er i dag ei undergraving av Grunnlova §108: Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv.

Ingen av dei siste regjeringane eller regjeringsalternativa har hatt ein strategi for oppretting av skadene etter fornorskinga og for utvikling av samiske og kvensk språk og kultur. Derimot har dei klare strategiar for nordområda, for mineralutvinning, fiskeoppdrett og vindkraftutbygging. Desse strategiane betyr at enno meir areal skal gå tapt for samisk og anna lokal naturbruk, at Samerettsutvalet sine innstillingar, sameparagrafen i grunnlova og internasjonale konvensjonar leggast daude og at norsk og internasjonal kapital skal ha fritt fram i det området som er naturgrunnlaget for samisk kultur.

Om Staten anerkjenner at samane har rett til å bevare bruksområda sine, og dermed til å sette foten ned mot slike inngrep som no er planlagt, så ryk alle dei nemnde strategiane. Derfor ønsker ikkje staten at Sanningskommisjonen om fornorskinga tar opp den fornorskinga som har skjedd og framleis skjer gjennom naturinngrep og naturforvaltning. Det gjenstår å sjå om kommisjonen sjølv vågar å ta opp dette.
Lukke til!

Lengre utgåve av innlegget: http://sveinlund.info/naturfornorsking.htm

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags