Frå ein leiar til ein annan

Leiarskap er komplekst, skriver Sveinung Eikeland (t.h) som svar på et utspill fra Ragnhild Vassvik (innfelt).

Leiarskap er komplekst, skriver Sveinung Eikeland (t.h) som svar på et utspill fra Ragnhild Vassvik (innfelt). Foto:

Av
DEL

MeningerI eit av dei mange slaga i regiondebatten omtalar fylkesordførar i Finnmark Ragnhild Vassvik i Finnmark Dagblad 8 september leiarskapet ved UiT Norges arktiske universitet (UiT) til at «vi har mistet ledelsesaspektet og det er vi lei oss for». Det er ikkje klart  kven «vi» er her, om ho talar på vegne av «Finnmark», Finnmark fylkeskommune eller om det er Høgskolen i Finnmark. Den var i si tid leia av eit styre dels oppnemnt av regjeringa og  dels vald av tilsette og studentar. Den var aldri styrt av til dømes Finnmark fylkeskommune, sjølv om fylkeskommunen som del av ei nasjonal prøveordning (som ikkje vart halde fram) i siste periode oppnemnde to representantar.

Leiarskapet eller leiaraspektet som Vassvik er lei seg for, og saknar, er likevel i Finnmark. Kort er dette slik:

- Viserektor som inngår i universitetets toppleiargruppe med delegert rektormynde i Finnmark og Nord-Troms, og med arbeidsstad i Alta.

- Ein prodekan som er del av leiargruppa på UiTs nest største fakultet med verksemd i heile Nord-Norge.

- Tre instituttleiarar  i Alta som også leier verksemd i Tromsø, Harstad, Lofoten og på Svalbard. 

- Fire assisterande instituttleiarar (ein i Hammerfest og tre i Alta)  som inngår i leiargruppene på institutt med verksemd på alle  UiTs hovudcampus. Tre av desse institutta er kvar for seg større enn det t.d. Høgskolen i Finnmark var.

Ved at institutta driv utdanning og forsking også utanfor dagens fylkesgrense har leiarane i Finnmark innflytelse også utover campusar i vårt fylke. Alle leiarane utanom viserektor er også administrative leiarar. I tillegg er universitetets fellesadministrasjon representert ved alle campusar i Finnmark. Alta har også ein campusadministrativ leiar som jobbar nært viserektor og rektorat. «Vi»  treng  ikkje grina over dette leiarskapet. Eg forstår heller ikkje at ein leiar frå ein organisasjon utan vidare skal kritisera leiarar i ein annan for eigentleg å ikkje vera leiarar. Leiarskap er mye meir komplekst enn som så.

Om dei regionale effektane innan utdanning og forsking av den same fusjonen seier fylkesordføraren at «Vi har nytt godt av fusjon så langt …». Det var kanskje ei hyggeleg helsing,  men eg les det vel helst som ei fråsegn der undertonen er «men berre vent».  Igjen er det «vi» som snakkar, denne gang det vera folk i Finnmark.  UiT har fleire gonger sidan 2013 dokumentert at fusjonen for over fem år sidan har gitt ei utvikling «vi» med god hjelp  også av «Oslo» ikkje hadde fått til åleine. Også nyleg har vi døme på det. I sommar kan den nye helsesatsinga til UiT i Finnmark heilt klart tilskrivast fusjonen. Det gjeld etablering av nasjonale rammevilkår som gjer at dei av våre helseutdanningar i Finnmark som er i Hammerfest blir ein del av det nye sjukehuset og dermed vil gjera sjukehuset endå meir spennande enn det ville vore utan høgre utdanning og forsking i bygget. Det gjeld nye studieplassar i sjukepleiarutdanninga som startar opp i januar i Alta, og det gjeld den siste satsinga på helsesøsterutdanning. Men meir og meir blir det slik at utviklinga av høgre utdanning og forsking i Finnmark i regi av UiT blir avhengig av rekruttering av tilsette og studentar, at «marknaden» veit at vi i Finnmark har dei beste utdanningane og forskinga og at dette skjer på attraktive stadar. Gjennom fusjonen for fem år sidan er vi godt rusta, men vi kan ikkje trylla. Vi treng også positive kommunar og fylkeskommune(ar), ein bustad er meir enn eit universitet også for ein akademikar.  

UiT meinar ikkje anna om regionreformen enn det vi skriv i høyringa om Hagenutvalet. Denne ligg på KMDs heimeside. Eg har også fleire gonger advart  mot å bruka våre positive erfaringar i universitetsfusjonen som argument for fylkessamanslåinga. Eg har registert at Finnmark fylkeskommune og «For Finnmark» av og til brukar ikkje dokumenterte hendingar frå UiT i sin argumentasjon. Finnmark fylkeskommune sin «kamp» står seg  utan slike døme. Både fordi det fusjonerte UiT ikkje er eit godt døme på at makt og leiing forsvinn ut av verken Finnmark eller byar i nord, og fordi dei direkte effektane av fylkessamanslåinga vil avgjerast av det nye fylkestinget, vald av folk i fylket og kan godt henda med reint fleirtal frå eit parti. Eit fylkesting er noe heilt anna enn eit universitetsstyre. Så burde  vi jobba saman for at staten skal gje både region og verdas nordlegaste universitet gode økonomiske rammer.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags