Stortinget må oppheva vedtaket om samanslåing i nord

Av
DEL

LeserbrevMiljøpartiet Dei Grøne sitt standpunkt har heile tida vore i mot tvangssamanslåingar. Derfor har me også stemt mot samanslåinga av Troms og Finnmark i fylkestinget i Troms, i fylkestinget i Finnmark og på Stortinget.

I Troms og Finnmark har likevel vårt utgangspunkt for regionreforma heile tida vore at nøkkelen til en god prosess, er den demokratiske legitimiteten . Me har heile vegen peika på kor viktig brei involvering i begge fylka er, og ikkje minst kor viktig det har vore å ha eit spesielt omsyn til den geografisk største, men minste delen av regionen når ein ser på folketal. Det er Finnmark.

Både Stortinget, regjeringa og fylkesrådet har svikta i å få til ei grundig og brei politisk behandling. Fyrst og fremst er det grunn til å trekka fram den svært uheldige overordna regien i denne saka. Oppgåvefordelinga til regionane skulle vore avklart lenge før ein teikna kartet for regioninndelinga. Feilgrepet med å leggja oppgåvefordelinga etter at store delar av samanslåinga etter planen skulle vera avklart i fellesnemndene, kan visa seg å velta heile samanslåinga i Troms og Finnmark.

Det blir også stadig hevda at Stortinget har fatta lovlege vedtak i denne saka som fylkestinga må følga opp. Det er grunn til å problematisera denne påstanden.

Frå juridisk hald er det mellom anna av professor Eivind Smith i ein kronikk i Aftenposten, blitt stilt spørsmål ved om vedtaket var lovleg. Smith peikar på at vedtaket i Stortinget skulle skje i dialog med fylkeskommunane, og at ein proposisjon skulle leggjast fram våren 2018. Dette har ikkje blitt gjort, og dermed meiner Smith at vedtaket er ulovleg. Miljøpartiet Dei Grøne meiner at ein slik mangel på samspel og dialog som departementet har stått for undergrev viktige demokratiske spelereglar.

Førre veke kunne me også lesa at ein av arkitektane bak regionreforma, Geir Toskedal frå KrF, i Dagsavisen skildra vedtaket om inndelinga av regionkartet i regionreforma som del av ein hestehandel i dei to sakene om kommunesamanslåing og fylkessamanslåing regjeringspartia seg imellom,. Han framstilte sjølve inndelinga i ti eller elleve regionar som ein noko tilfeldig vedtak langt ute på natta i Stortinget. Så stor er altså respekten for det lokale og regionale folkestyret i regjeringspartia.

Miljøpartiet Dei Grøne meiner at det er å forenkla biletet å seie at fylkestinget har ei plikt til å følga opp alle vedtak som blir gjort av Stortinget. Dersom ei slik plikt skal vera gjeldande, krev det i alle fall at Stortinget tar på alvor befolkninga i regionane som blir slått saman.

Kva skal me gjera no? Det synes som om toget for ei breitt samansett fellesnemnd i regionen vår er gått. Finnmark ynskjer ikkje å utnemna medlemmer til fellesnemnda, og det ville vera heilt uansvarleg av Troms å sitja aleine i fellesnemnda og behandla saker.

Miljøpartiet Dei Grøne meiner at det er uaktuelt for medlemmene i fellesnemnda frå Troms å delta i ei behandling i ei fellesnemnd der Finnmark ikkje møter. Regjeringa burde koma tilbake med ei sak i Stortinget, og det er grunn til å oppheva heile vedtaket om samanslåing av Troms og Finnmark. Uansett om regjeringa kjem tilbake til Stortinget med ei ny sak om samanslåing av Troms og Finnmark eller ikkje, er det naturleg for Stortinget å be om ei utgreiing av om vedtaket av samanslåing av Troms og Finnmark er lovleg. Me kan ikkje akseptera så stor uvisse om vedtaka som er gjort som det me har sett dei siste månadane.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags