Dei fleste unge er opptatte av mat og korleis den blir produsert, men så snart det er snakk om jordbruksoppgjeret fell dei fleste av. Kva er det eigentleg som blir bestemt der? Eg skulle gjerne vore meir engasjert i jordbruksdebatten, men det er vanskelig å vere ein del av noko som er så lukka.

Jordbruksoppgjeret er ikkje berre eit vanleg lønnsoppgjer, men bestemmer kva type jordbruk som det skal vere mogleg å leve av. Det handlar om korleis vi skal drive jorda, og legg grunnlaget for kva type jordbruk vi skal ha i Noreg. Jordbrukspolitikken vedrørar ikkje bøndene aleine, men den samfunnsoppgåva som næringa har på vegne av fellesskapen. Den handlar om å sikre nok, trygg og miljøvennleg mat på norske ressursar, i ei verd med klimaendringar og befolkningsauke.

I dag får vi kjennskap til krava til dei ulike partane først etter dei er bestemt. Det gjer det vanskeleg å påverke utfallet, når du ikkje har kjennskap til  det før det er satt. Jordbruksoppgjeret handlar om korleis vi skal forvalte vår aller viktigaste ressurs, men når vi ikkje får tilgang til det sjølv, må vi stole på at nokon andre talar vår sak. Kven er det som skal representere dei unge miljøvernerane? Eg kunne ha stolt på at modellen vi har no vil skape eit jordbruk med fokus på berekraft, sjølvforsyning og mattryggleik, men tendensen dei siste åra har vore at jordbruket har bevega seg lengre og lengre vekk i frå si samfunnsoppgåve.

Hovudmålet har blitt at jordbruket skal bli så kostnadseffektivt som mogleg, heller enn å produsere kvalitetsmat på norske ressursar. Eg vil heller ete litt mindre kjøtt, og betale ekstra for mat av god kvalitet som eg veit er basert på norske ressursar. Dette vil også dei fleste norske forbrukerar, men her blir ikkje vår stemme hørt. Dette har ført til eit sentralisert jordbruk, med stor nedgang i talet på bruk, ein produksjon som i mindre grad er basert på våre ressursar, og bønder som er meir gjeldstynga og avhengige av subsidiar enn nokon gong tidlegare.

Eit storskala jordbruk, lausrive frå ressursgrunnlaget er ikkje eit miljøvennleg jordbruk. Jordbruket legg i dag til rette for at det skal vere billigare å bruke kraftfor, enn dei gras- og beiteressursane vi har tilgjengelig. Store delar av naturmangfaldet vårt er tilknytta kulturlandskapet. Det vil seie at vi er nødde til å ha dyr på beitene, og matproduksjon i heile landet, for å ta vare på dette.

Jordbruket skal ikkje først og fremst skape pengar, men trygg, nok og berekraftig mat på norske ressursar. Det skal skape arbeidsplassar i distrikta og vere solidarisk ovanfor bønder i andre land. Alle har eit forhold til mat, og dei fleste ønsker seg eit miljøvenleg og lokalt jordbruk, det vil i alle fall eg. Det er ikkje det jordbruket som blir produsert i dagens jordbruksoppgjer. Forhandlingane gjeld ikkje berre bøndene og staten, men oss alle. Derfor må vi også få ei stemme inn i jordbruksoppgjeret.