Her bryt han ankelen!

Men det gjekk to og ei halv veke før brotet til Sogndal-stopparen vart oppdaga. Sjå video av episoden!
Publisert 19.04.2012 kl. 11:59 Oppdatert 19.04.2012 kl. 12:04

Tips en venn på e-post:



[firda.no]

Den 21 år gamle Sogndal-stopparen Jasmin Mecinovic fekk skaden i kampen mot Hønefoss for to og ei halv veke sidan.

25 minutt ut i første kampen på Fosshaugane denne sesongen, går Mecinovic inn i ei takling, og må forlate bana.

Først trudde ein at det var snakk om ein vanleg overtrakk, men MR-bileta viste noko anna.

– Vi sjekka han først med vanleg røntgen. Det viste ingenting. Så gjekk hevelsen ned og han kunne begynne å belaste foten. Men då han begynte å belaste den, hovna ankelen ganske kraftig opp. Vi sende han derfor til MR i Bergen, som viste at det er brot i det ytste beinet i ankelen, seier medisinsk koordinator i Sogndal, Kim Are Jacobsen, til Bergens Tidende.

I tillegg fekk Mecinovic ein stor skade på utsida av ankelen, og han er ute av spel i minst fire veker.

Her kan du se alle kampene fra eliteserien på nett!

Det betyr at han mister kampane mot Vålerenga, Molde, Strømsgodset, Viking og Brann.

Sogndal har berre to friske midtstopparar tilgjengeleg, Hannu Patronen og Gustav Valsvik.

(ANB)

På forsiden nå